PDF TOVA TJUKKSELBU

PDF TOVA TJUKKSELBU

Vanlig pris
50,00 kr
Salgspris
50,00 kr
Vanlig pris
Utsolgt
Enhetspris
per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Tova Tjukkselbu er tjukke tovavottar inspirert av dei klassiske selbuvottane. Denne modellen er stor og god, perfekt til å ta på seg når det er skikkelig kaldt! Vottane strikkast på pinne 6 mm og 4.5 mm på vrangborden. Tommelen strikkast til slutt der du har strikka inn ein kontrasttråd. Du kan også velje mellom to typer vrangborder, alt ettersom du ønskjer å dra vottane utanpå jakka eller bruke dei inni jakkermet. Perfekt gåvestrikk!

 

Garn, strikkefastleik og veiledande pinnestørrelse

Garn: Istex Alafosslopi (100% islandsk ull, 100 m pr 100 g)

Garnalternativ: Blåne pelsullgarn (100 % norsk pelsull, 114 m pr 100 g)

Farge på strikkemodell på framsida:

Garnfarge 1: Alafosslopi Highland green 1230 Garnfarge 2: Alafosslopi Ecru 9972

Strikkefastleik pr 10 cm: 15 m pr 10 cm før toving på pinne 6.0 mm 17 m pr 10 cm før toving på pinne 4.5 mm

Veiledande pinnestørrelse for mønsterstrikk: 6.0 mm og 4.5 mm eller den pinnestr du må ha for å oppnå oppgitt strikkefastleik.

Her er det viktig å måle prøvelapp strikka rundt, då ein mest sannsynleg har anna strikkefastleik når ein strikkar mønsterstrikk ”fram og tilbake” kontra rundt.

Veiledande pinnestørrelse vrangbord: 4.5 mm til vrangbord eller 1.5 mm mindre enn du har på mønsterstrikk.

Strikketips/størrelseveiledning

Vottane kjem i kun ein størrelse og er litt romsleg til S/M/Dame og sitt som støpt på L/XL/Herre. Det kjem litt an på kor mykje ein tover vottane. Vottane på framsida er tova på 40 grader finvask med milo, og du kan framleis sjå maskane og strekke i dei. Du kan alltids tove vottane ein ekstra omgang for å få dei endå mindre, evt strikke med mindre pinnar. Bakerst i oppskrifta finn du fullt diagram av vottane. Hugs å strikke ein venstre og ein høgrevott, samt les om dominerande farge på side 3.