Drople Design
PDF TJUKKRIBBHALS
PDF TJUKKRIBBHALS
Strikk deg en deilig og varm hals til hausten! Perfekt under kåpa til og fra jobb!
Tjukkribbhals
Tjukkribbhals er ein heilt enkel ribbestrikka hals som er perfekt å slenge på seg under jakka. Denne versjonen er litt kortare bak, og lengre framme for å passe ei jakke med djup V-hals. Dette kan du fint justere og tilpasse slik at han passar di eiga kåpe eller jakke. Denne varianten har også aukingar på skuldrane slik at han legg seg finare rundt nakke og skuldre. Halsen kjem i kun éin størrelse og er veldig tøyeleg. Ønskjer du å strikke halsen mindre eller større, så finn du rettleiing for dette før du startar.
Strikketips før du startar:
Halsen kjem kun i éin størrelse, men du kan fint trekke i frå eller legge til 2 masker i halsen for mindre eller større størrelse. Samtidig kan du auke til skuldrar eit par ekstra gongar til du har ønska breidde på forstykket og bakstykket. Om du gjer dette, må du også auke garnmengda på plagget, evt. strikke forstykket kortare. Halsen kan også strikkast utan følgetråd om du ønsker det.
Design: Tjukkribbhals
Rettleiande størrelse: Vaksen
Breidde bakstykket/forstykket: Ca 26,5 cm
Strikkfastleik glattstrikk: 14 m = 10 cm
Strikkefastleik vridd ribbestrikk: 16 m = 10 cm
Rettleiande pinnestørrelse: 6 mm // 40 cm rundpinne
Garn: Vams Pt3 (100 % norsk ull, 83 m pr 50 g) // Rauma Garn
Følgetråd: Alpaca silk (65% baby alpakka, 25% silke,10% ekstra fin merino, 200 m pr 25 g) // Rauma Garn
Garnmengde: 100 g + 25 g
Ekstra tilbehør: Ullnål, saks, maskemarkører
Fargar brukt i oppskrifta: Vams Pt3 grønn 403 & Alpaca silk grønn 5339
Garnalternativ: Fritidsgarn, Sandnes Garn, // Puno, Rauma Garn // Alpakka Tweed, HOY