OFTE STILTE SPM

Eg får ikkje lasta ned strikkeoppskrifta mi./ Eg har ikkje fått nokon strikkeoppskrift. Kan du hjelpe meg?

Alle strikkeoppskrifter kjem automatisk på ordrebekreftelsen din i kassa og på epost. Den skal vere tilgjengeleg med ein gong etter betaling. Hugs å oppi korrekt epostadresse ved bestilling. Sjekk også søppelkurven din om den kan ligge der.

Drople Design har nettopp flytta til ny plattform, og om du har problemer med nedlasting av strikkeoppskrifta di eller har gløymd å lagra den på PC. Ta kontakt på strikk@dropledesign.no. Oppgi ordrenummer og namn på oppskrifta så skal vi hjelpe deg. Du kan også berre sende kopi av ordrebekreftelsen du fekk på mail. 

Kan du hjelpe meg med andre strikkeoppskrifter enn Drople Design?

Drople Design er eit one-woman-show og har dessverre ikkje kapasitet til å svare på spørsmål om oppskrifter fra andre designere. Det enklaste er å kontakte designerne det gjeld direkte, eller garnbutikker som fører mønsteret.

Korleis strikkar eg frå eit hespe?

Mange av garna eg bruker i oppskriftene mine kjem i hesper. Desse må nøstast opp før du strikkar av dei. Om du ikkje gjer dette vil du mest sannsynleg sitje att med mykje floker og eit øydelagt nøste. Du kan bruke ei garnvinde og spenne opp hespet, og så nøste opp nøstet til ein ball. Du kan også legge hespet over ein stolrygg.